Abonnér på Kampanjes nyhetsbrev
Ved à klikke på «Abonnér» godtar du vår personvernerklæring.
Kommunikasjonskonsulent (vikariat) – Det Norske Teatret
Bli med og set preg på uttrykket til Det Norske Teatret! Vi ser etter ein kreativ og løysingsorientert kommunikasjonskonsulent i vikariat medan vår faste medarbeidar er i permisjon. Her får du kombinere design, tekst og marknadsføring – tett på kunsten som skjer på og rundt scenen vår.
Arbeidsoppgåver
Hos oss får du mellom anna jobbe med:
· å utforme visuelt materiell/marknadsføringsmateriell som møter publikum der dei er – digitalt og på trykk. Frå annonser og sosiale medium til plakatar, flyers og repertoarmagasin
· å utvikle nyheitsbrev frå idé til utsending – med innhald som ser bra ut og treff målgruppene våre
· å bidra med innsikt og enkle analysar i MarketHype – slik at vi kan bli endå skarpare i kommunikasjonen vår/ (eller denne formuleringa: måle og rapportere effektiviteten av marknadsføringsaktivitetane og justere strategiar basert på innsikt)
· jobbe i lag med vår marknadsførar og utvikle og implementere marknadsføringsstrategiar
· samarbeide tett med salskonsulentar for å sikre konsistent merkevarebygging og kommunikasjon.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi ser etter deg som:
· har utdanning og erfaring innan grafisk design og marknadsføring
· har god skriftleg formuleringsevne og eit godt visuelt blikk – og som trivst med å uttrykke deg på nynorsk
· har god kjennskap til Adobe Creative Cloud
· har forståing og erfaring for trykk og produksjon
· likar å veksle mellom å jobbe sjølvstendig og i team – og som er god til å jobbe med heile prosessen frå idé til ferdig resultat
· er nysgjerrig, løysingsorientert og lærevillig
Kvifor søkje?
Hos oss blir du del av eit kreativt miljø midt i hjartet av Oslo, der du får vere med å forme uttrykket til eit av landets mest spennande teater. Du får høve til å bruke både den analytiske og den kreative sida di – og sjå at arbeidet ditt faktisk når ut til publikum.
Vi ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring velkomen.
Praktisk informasjon
· Stillingstype: Vikariat
· Varigheit: desember 2025 – desember 2026, med moglegheit til forlenging
· Arbeidsstad: Kristian IVs gate, Oslo
· Søknadsfrist: løpande – jamfør Torill
· Oppstart: desember 2025
· Slik søkjer du: Søk her
Spørsmål om stillinga kan rettast til Thine Sletbakk Bugge, avdelingsleiar.
Om arbeidsgivaren
Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonane i Norden. Med nynorsk som scenespråk og eit breitt samfunnsengasjement skal vi skape nye uttrykk og nå eit stort publikum. Teatret er eit repertoarteater som spelar mellom 30 og 40 framsyningar gjennom sesongen på tre faste scenar og på Rommen Scene i Groruddalen.
Kommunikasjonsavdelinga ved Det Norske Teatret har ansvaret for alle sals- og marknadsaktivitetar knytte til kvar einskild teaterframsyning. Det omfattar òg tett oppfølging av strategiske samarbeidspartnarar, sponsorar og store næringslivskundar. Vi driftar vårt eige billettsystem og har i tillegg ansvaret for mediehandtering, formidlingsaktivitetar, publikumsservice og omvisingar.